Vant millionstrid om eigedom

Kritisk til støtte: –⁠ Feil at Fagforbundet skal blande seg inn

Fagforbundet har finansiert rettssaka der fagforeininga kjempar mot bebuarar i den såkalla Trikkebyen. – Feil at Fagforbundet skal blande seg inn, seier bebuar Mariann Fossum.

VANT: Mariann Fossum er blant rundt 100 bebuarar som vant over Bergen sporveisfunksjonærerers forening i retten nyleg. Ho meiner det er feil av Fagforbundet å støtte sporveisfunksjonærene i rettssaka.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

No skal saka vurderast i Høgsterett, og tapar fagforeiniga der og, risikerer dei å måtte betale over seks millionar kroner i sakskostnadar.

Bebuarane vil då fritt kunne selje leilegheitene dei bur i og sitte igjen med alt overskotet, utan at fagforeininga får noko av verdiane.

Dette er saka

• På starten av 1900-talet vart leilighetene byggd for å gje billege heimar til fagorganiserte.

• I over ti år har partane vore ueinige om korleis verdiane som ligg i bustadane, skal fordelast.

• No har lagmannsretten gjeve bebuarane medhald, og fagforeininga har tapt saka.

• Bergen tingrett meinte at fagforeininga skulle få 17 millionar kroner.

• Bebuarar vann rettssak mot fagforeining

ETTERTRAKTA: Trikkebyen er to bygardar sentralt i Bergen. Dei blei bygd på starten av 1900-talet for å gje arbeidarar med dårleg råd, billig tak over hovudet. I dag er dei to bygga verdt opp mot 300 millionar kroner.

Fagforbundet støtta med to millionar

Sporveisfunksjonærenes foreining er ein del av Fagforbundet. Foreininga har fått eit lån på 2,2 millionar kroner av Fagforbundet til saka i Gulating lagmannsrett. Dette er pengar dei må betale tilbake når saka er endeleg avgjort i Høgsterett. Dagleg leiar i Fagforbundet, Lars Erik Flatø, seier fagforeininga i tillegg har fått avgrensa juridisk støtte frå Fagforbundet sitt advokatkontor.

• Fagforeining risikerer milliontap og ankar

Kritisk

Mariann Fossum bur i Trikkebyen i Bergen og har vore motstandar av at sporveisfunksjonærenes foreining skal få ein del av verdiane. Trikkebyen er estimert til over 250 millionar kroner:

– Eg syns det er heilt skandaløst, og kan ikkje forstå korfor Fagforbundet gjev bistand til Sporveisfunksjonærenes foreining. Ein arbeidstakarorganisasjon skal i utgangspunktet konsentrere seg om folk sine arbeidsvilkår, løn og arbeidsliv, seier Fossum og legg til:

– Korfor skal Fagforbundet betale juristar for at Sporveisfunksjonærenes foreining nok ein gong skal angripe oss i retten? spør Fossum, som sjølv også er tillitsvald i Fagforbundet.

• Risikerer tvangssal av eiga leilegheit

– Naturleg med hjelp

Morten Ulevik er talsperson for Bergen sporveiers foreining og har følgt dei mange rettssakene. Han seier det er naturleg at Fagforbundet hjelper foreininga når dei er i rettstvist:

– Eg ser det slik at når ei foreining treng assistanse i samband med eit søksmål eller kva det måtte vere, er det naturleg at moderorganisasjonen kjem inn og bidreg, seier Ulevik.

Dette er Trikkebyen på Møhlenpris

• 110 leilegheiter på Møhlenpris i Bergen bygd mellom 1914 og 1924.

• Første byggetrinn i 1914 blei bygd etter initiativ frå Bergen Sporveisfunksjonærers foreining.

• Formålet var å gje fagorganiserte arbeidarar rimelege leilegheiter.

• Fagforeininga starta eit bustadaksjeselskap som stod for utbygging og som eig bygga.

• I dag eig Bergen Sporveisfunksjonærers foreining 15 prosent av Bergens Sporveisfunksjonærers byggeselskap. 85 prosent av aksjane er eigd av bebuarane.

• Her ligg konflikten: Har bebuarane krav på alt når leilegheiter blir seld, eller har fagforeininga gjennom sine aksjar krav på 15 prosent av dei samla verdiane i Trikkebyen?

• Den samla verdien av leilegheitene i Trikkebyen er i dag antatt å vera verdt mellom 230-300 millionar kroner.

• Frå hausten 2021 til i dag er det seld 14 leilegheiter. Prisen har variert frå 1,5 til 3,6 millionar kr.

• 26. september 2023 vant bebuarane i Gulating lagmannsrett.

I to tidlegare dommar landa retten på at fagforeininga hans hadde krav på rundt 17 millionar kroner. Den nye dommen i Gulating lagmannsrett som er anka, snudde heilt. Taper fagforeininga i Høgsterett, kan dei siste igjen med å måtte betale eigne sakskostnadar på 2,2 millionar og motparten sine som er på 4,5 millionar kroner.

NY RUNDE: Morten Ulevik er tidlegare leiar i Bergens sporveisfunksjonærerers forening. Han har fulgt konflikta rundt Trikkebyen i minst tre runder i retten. Han meiner at sidan det var foreininga han er ein del av, som fekk Trikkebyen bygd, bør dei også få ein del av verdiane.

Forsvarar lånet

Dagleg leiar Lars Erik Flatø i Fagforbundet forsvarar hjelpa til Bergen sporveisfunksjonærerers foreining:

– Det som har skjedd i Trikkebyen, har rive grunnen vekk under bustadselskapet sitt opphavlege, sosiale formål: Sikre tilgang til rimelege leigebustadar til medlemmer i sporveisforeininga som ikkje hadde råd til å kjøpe eigen bustad, seier han og legg til:

– I ei tid med høge bustadprisar i storbyane og aukande renter er det mange som treng å leige. Ikkje minst gjeld det mange av Fagforbundet sine medlemmer, som i stor grad er lågt løna. Og utan tilbod om heile faste stillingar. Denne saka reiser viktige prinsipielle spørsmål og kan få betydning for andre tilsvarande bustadselskap.

Ønsker forlik

Både Ulevik og Flatø peikar på at dei ønsker forlik:

– Etter vår oppfatning kan denne saka løysast på ein måte som varetek alle partar på ein god måte. Ved å betale om lag 170.000 kroner kan kvar av bebuarane kunne omsette sin aksje med burett fritt. Samtidig får bebuarane ein gevinst på ein til to millionar kroner kvar, skriv Flatø i ein epost til Fagbladet. Det er venta at konflikten om Trikkebyen kan bli endeleg avgjort til jul, når Høgsterett anten ser på saka eller legg den vekk.

Powered by Labrador CMS