Helsefagarbeidar Julie vil ha eigen bustad: – Regjeringa må lage statleg bustadselskap
Helsefagarbeidar Julie Tendvall slit med å skaffe eigen bustad. No har ho fått med seg LO på at regjeringa bør starte husbygging.

Julie Tendvall jobbar i heimetenesta i Tromsø og leiger for 12.000 kroner i månaden. Ho er ein av mange unge som slit med å få råd til eiga husvære. Denne veka gjekk ho opp på talarstolen på LO-kongressen og tok til orde for at staten må gripe inn:
– Eg ønsker å vere sjølvstendig og ha råd til å kjøpe bustad på eiga hand. Slik marknaden er no, får eg ikkje kjøpt noko sjølv, dessverre, seier Tendvall, som er leiar av ungdomsutvalet i Fagforbundet Troms.
Ho vart høyrd. Fredag vedtok LO-kongressen at staten tek grep.
• UNDERSØKING: Arbeidsfolk pressast ut av byane
Frå vondt til verre
Tendvall står skulder til skulder med Jeanette Lea Romslo, leiar av Fagforbundet Ung og Charlotte Jonskås Børresen, opplæringsansvarleg i Fagforbundet Telemark. Dei tre har ein ting til felles: Dei tok alle ordet på LO-kongressen. Og alle tre krev det same av Ap og regjeringa: Statleg bustadbygging.
Leiaren av Fagforbundet Ung seier bustadmarknaden vil gå frå vondt til verre, fort:
– Spådomane er svært dystre framover. No må det skje noko fordi bustadmarknaden har fått springe løpsk, seier Romslo.
Ho peikar på prognosar som seier at om eit husvære kostar fire millionar i år, vil det koste fem millionar kroner om tre år i snitt i Noreg. I Oslo vil dette husværet koste 5,3 millionar kroner om tre år.

• Nicolay (24) jobbar i barnehage og får ikkje kjøpe bustad
• Helsefagarbeider Julie om bolignøden: – I byen min satsast det meir på turisme enn ungdom
– Ikkje råd til å leige i Oslo
Charlotte Jonskås Børresen fortel at ho og mannen, som begge er i fast jobb, måtte få inn foreldra som kausjonistar då dei kjøpte. Ho ser mange ho kjenner som leiger, slite:
– Leigemarknaden er heilt horribel med frykteleg høge prisar. Eg ville ikkje hatt råd til å leige i Oslo. I det store byane er det nesten uråd for unge å få i ein plass å bu, seier Jonskås Børresen som bur i Skien.
Både Jonskås Børresen og Tendvall er samstemte i kravet til Ap. Dei vil at Støre-regjeringa skal starte planlegging og gjennomføring av ei storstilt utbygging av offentlege bustader:
– «Ung i bustad er lite truleg», var ordtaket då vi i LO-ungdommen gjekk i 1. mai-tog tilbake i 2013. I dag er det nesten umogleg for folk med vanleg inntekt å få seg tak over hovudet. Sånn kan vi ikkje ha det, seier Jonskås Børresen.

• Helsefagarbeidar får ikkje kjøpe: – Satsar meir på turisme enn unge
Fagarbeidarar stengjast ute av byane
LO sin Fagarbeidar-indeks viser no at ein einsleg helsefagarbeidar anten må ha ekstrem flaks. Eller at det rett og slett er umogleg å få eigen bustad i dei største byane. Gjennomgangen viser at i Oslo har ein einsleg helsefagarbeidar råd til null prosent av bustadane som har blitt seld i 2024. I Bergen, Trondheim og Stavanger er talet ein prosent:
– Det er utruleg trasig. Det trengst fagarbeidarar i alle byar og stadar. Det blir feil når det er bustadmarknaden som skal avgrense oss i å kunne bu der vi ønsker, seier helsefagarbeidar og tillitsvald Tendvall.
