JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Helsefagarbeidar Julie vil ha eigen bustad: – Regjeringa må lage statleg bustadselskap

STENGT UTE: Julie Tendvall og andre helsefagarbeidarar i ein hustand med ei inntekt, har ikkje lenger råd til å kjøpe bolig i dei største byane. Det viser ein gjennomgang frå LO og deira Fagarbeidarindeks.

STENGT UTE: Julie Tendvall og andre helsefagarbeidarar i ein hustand med ei inntekt, har ikkje lenger råd til å kjøpe bolig i dei største byane. Det viser ein gjennomgang frå LO og deira Fagarbeidarindeks.

Øystein Windstad

Helsefagarbeidar Julie Tendvall slit med å skaffe eigen bustad. No har ho fått med seg LO på at regjeringa bør starte husbygging.

2025050910395220250509145614

oystein.windstad@fagbladet.no

Julie Tendvall jobbar i heimetenesta i Tromsø og leiger for 12.000 kroner i månaden. Ho er ein av mange unge som slit med å få råd til eiga husvære. Denne veka gjekk ho opp på talarstolen på LO-kongressen og tok til orde for at staten må gripe inn:

– Eg ønsker å vere sjølvstendig og ha råd til å kjøpe bustad på eiga hand. Slik marknaden er no, får eg ikkje kjøpt noko sjølv, dessverre, seier Tendvall, som er leiar av ungdomsutvalet i Fagforbundet Troms.

Ho vart høyrd. Fredag vedtok LO-kongressen at staten tek grep.

UNDERSØKING: Arbeidsfolk pressast ut av byane

 

Frå vondt til verre

Tendvall står skulder til skulder med Jeanette Lea Romslo, leiar av Fagforbundet Ung og Charlotte Jonskås Børresen, opplæringsansvarleg i Fagforbundet Telemark. Dei tre har ein ting til felles: Dei tok alle ordet på LO-kongressen. Og alle tre krev det same av Ap og regjeringa: Statleg bustadbygging.

Leiaren av Fagforbundet Ung seier bustadmarknaden vil gå frå vondt til verre, fort:

– Spådomane er svært dystre framover. No må det skje noko fordi bustadmarknaden har fått springe løpsk, seier Romslo.

Ho peikar på prognosar som seier at om eit husvære kostar fire millionar i år, vil det koste fem millionar kroner om tre år i snitt i Noreg. I Oslo vil dette husværet koste 5,3 millionar kroner om tre år.

VANN: Både Julie Tendvall, Jeanette Lea Romslo (leiar av Fagforbundet Ung) og Charlotte Jonskås Børresen i Fagforbundet Telemark håpar og trur at statleg bygging kan vere løysinga. Dei vann fram synet sitt på LO-kongressen.

VANN: Både Julie Tendvall, Jeanette Lea Romslo (leiar av Fagforbundet Ung) og Charlotte Jonskås Børresen i Fagforbundet Telemark håpar og trur at statleg bygging kan vere løysinga. Dei vann fram synet sitt på LO-kongressen.

Øystein Windstad

 

Nicolay (24) jobbar i barnehage og får ikkje kjøpe bustad

Dette vil LO og Fagforbundet

• LO-kongressen vedtok fredag ei bustadpolitisk fråsegn. Der heiter det mellom anna at:

• «LO meiner at opprettinga av et statleg bustadselskap bør vurderast, som i samarbeid med kommunane kan sørge for boligløsninger som i dag ikkje dekkes av det kommunale butilbodet eller kommersielle bustadutviklarar».

• Målet er å dempe prisveksten både for dei som eig og leiger.

• LO vil at det statlege bustadselskapet skal Bygge ein ikkje-kommersiell leigesektor:

• «Ein sektor for allmennbustader som er rimelege, ikkje kommersielle utleigebustader som er tilgjengelege for vanlege folk», står det vidare i vedtaket.

• LO vil at kommunane skal sette av område til ikkje-kommersiell leige. Og at det skal settast grenser for kor lenge utbyggarar kan sitte på eigedommar før dei bygger bustader.

• LO vil vidare at mange fleire skal få Husbanklån og ei ny satsing på leige-til-eige.

• LO har ein million medlemmer og Fagforbundet med sine 413.000 medlemmer har vore ein pådrivar for eit statleg bustadselskap.

 

Helsefagarbeider Julie om bolignøden: – ⁠ I byen min satsast det meir på turisme enn ungdom

 – Ikkje råd til å leige i Oslo

Charlotte Jonskås Børresen fortel at ho og mannen, som begge er i fast jobb, måtte få inn foreldra som kausjonistar då dei kjøpte. Ho ser mange ho kjenner som leiger, slite:

– Leigemarknaden er heilt horribel med frykteleg høge prisar. Eg ville ikkje hatt råd til å leige i Oslo. I det store byane er det nesten uråd for unge å få i ein plass å bu, seier Jonskås Børresen som bur i Skien.

Både Jonskås Børresen og Tendvall er samstemte i kravet til Ap. Dei vil at Støre-regjeringa skal starte planlegging og gjennomføring av ei storstilt utbygging av offentlege bustader:

– «Ung i bustad er lite truleg», var ordtaket då vi i LO-ungdommen gjekk i 1. mai-tog tilbake i 2013. I dag er det nesten umogleg for folk med vanleg inntekt å få seg tak over hovudet. Sånn kan vi ikkje ha det, seier Jonskås Børresen.

ÅTVARA: Charlotte Jonskås Børresen seier det ho og andre i Fagforbundet og LO har åtvara om sidan ho var ungdomstillitsvald for over ti år sidan har skjedd: Folk med vanlege løner har ikkje råd til å bu i dei største byane lenger.

ÅTVARA: Charlotte Jonskås Børresen seier det ho og andre i Fagforbundet og LO har åtvara om sidan ho var ungdomstillitsvald for over ti år sidan har skjedd: Folk med vanlege løner har ikkje råd til å bu i dei største byane lenger.

Øystein Windstad

 

Helsefagarbeidar får ikkje kjøpe: – Satsar meir på turisme enn unge

Fagarbeidarar stengjast ute av byane

LO sin Fagarbeidar-indeks viser no at ein einsleg helsefagarbeidar anten må ha ekstrem flaks. Eller at det rett og slett er umogleg å få eigen bustad i dei største byane. Gjennomgangen viser at i Oslo har ein einsleg helsefagarbeidar råd til null prosent av bustadane som har blitt seld i 2024. I Bergen, Trondheim og Stavanger er talet ein prosent:

– Det er utruleg trasig. Det trengst fagarbeidarar i alle byar og stadar. Det blir feil når det er bustadmarknaden som skal avgrense oss i å kunne bu der vi ønsker, seier helsefagarbeidar og tillitsvald Tendvall.

 

FEKK RETT: Charlotte Jonskås seier ho gjekk i 1. mai tog i 2013 i Porsgrunn og Skien for LO-Ungdommen med papphus og slagordet "Ung i bolig lite trolig".

FEKK RETT: Charlotte Jonskås seier ho gjekk i 1. mai tog i 2013 i Porsgrunn og Skien for LO-Ungdommen med papphus og slagordet "Ung i bolig lite trolig".

Privat

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy