Einige i forhandlingane: Minst 20.100 kroner meir til tilsette i Oslo kommune
MEIR: Har du jobba fulltid i Oslo kommune sidan 2023 vil lønsauka di vere på over 70.000 kroner.
Colourbox.com
Onsdag kveld blei LO kommune Oslo einige med leiinga i kommunen om lønsauka i år.
oystein.windstad@fagbladet.no
Alle som jobbar fulltid får minst 21.000 kroner meir i løn i år.
– Vi har fått i hamn eit oppgjer som gjev god lønsauke og generelt tillegg for absolutt alle, både dei med låg løn, dei midt på treet og dei med høg løn, seier Per Egil Johansen som er forhandlingsleiar for dei 19.000 LO-medlemmane i Oslo.
• Fare for storstreik i kommunane
NØGDE: Roger Dehlin (tv) er leiar for Fagforbundet i Oslo og Per Egil Johansen har leia forhandlingane på vegne av dei 19.000 medlemmane i LO Kommune Oslo. Dei to er spesielt nøgde med at dei vann fram med kravet om sentrale lønstillegg.
Anders Greif Mathisen, Fagforbundet Oslo
Over 70.000 meir dei siste åra
Med oppgjeret i år har dei som jobbar fulltid i Oslo kommune fått til saman minst 71.000 kroner meir i grunnløn samla sett, sidan 2023. Johansen seier at han, Fagforbundet og LO i Oslo er nøgde:
– Dette er samla sett eit godt resultat der vi har sikra eit generelt tillegg for veldig store grupper, seier forhandlingsleiaren.
• LO stat braut, dei tre andre einige
Vant om sentrale forhandlingar
LO gjekk inn i forhandlingane om at dei ville ha eit kronetillegg og ikkje eit prosenttillegg. Eit kronetillegg vil seie eit flatt tillegg til alle. Eit prosenttillegg betyr at dei som tener meir vil få ei større lønsauke enn dei som tener mindre.
Johansen fortel at dei blei einige om ein blanding mellom kronetillegg og prosenttillegg. LO Kommune Oslo vann på kravet om sentrale lønstillegg:
– LO Kommune Oslo gjekk inn i desse forhandlingane med krav om at alle tillegg skulle givast sentralt, og vi er svært nøgde med at kommunen møtte oss på dette kravet, og at vi slepp både lokale forhandlingar og sentrale justeringar, seier Johansen.
• Dette var krava til LO i Oslo
Som industriarbeidarane
Lønsoppgjeret i Oslo følgde oppgjeret til industriarbeidarane. Frontfagramma i år blei på 4,4 prosent lønsauke. LO Kommune Oslo skriv i ei pressemelding at med overheng og gliding, gjer dette at dei som har lønstrinn 30 og høgare får ei auke på 3,62 prosent på lønstabellen. Lønsauka gjeld frå 1. mai:
– Eg er nøgd med at vi har kome til semje, og at vi greidde å forhandle opp kronetillegget så høgt som vi gjorde. Dette viser kor viktig det er at LO-forbunda har ei sterk medlemsmasse i ryggen, seier Roger Dehlin som er leiar av Fagforbundet Oslo. Han legg til:
– Oppgjeret vil vere med på å sikre kjøpekrafta for alle dei som held byen sine skular, sjukeheimar, barnehagar og alle andre tenester i gang.
• Snart startar trygdeoppgjeret: Sjekk kor mykje trygd og pensjon kan auke
Kommunen nøgd
– Eg er glad for at vi har kome til ei semje på ein god måte. Ramma er på nivå med frontfaget og offentleg sektor elles, seier finansbyråd Hallstein Bjercke (V) til NTB.
– Eg er nøgd med at vi har kome fram til ei løysing som er tilrådd av alle dei fire samanslutningane, seier kommunens forhandlingssjef Harald Nævdal. Han rosar motpartane for ein konstruktiv tone i forhandlingane.
Også YS, Akademikerne og Unio er samde i årets lønsoppgjer.
Brot i resten av landet
Tidlegare torsdag kveld blei det klart at det er brot i kommuneoppgjeret i resten av landet. Og at det kan gå mot storstreik. Grunnen til at det ikkje er brot i Oslo, er at hovudstaden er eit eige forhandlingsområde.