FORSKAR: Randi Hovden Borge ved STAMI studerer kva kontormiljø som gjev best resultat.
Øystein Windstad
oystein.windstad@fagbladet.no
Dei to plassane du brukar mest tid i livet ditt er i senga og på jobb. Akkurat som senga er viktig for søvnen, er jobben avgjerande for kor godt du har det i livet.
Ei ny undersøking gjort av Fagforbundet tyder på at fleire kan vente seg ein kontorarbeidsplass der det er bevisst lagt inn for få plassar, slik at fleire må jobbe på heimekontor. Og ei anna studie viser kor vi som jobbar på kontor, møter kollegaene våre fjes til fjes.
• Heimekontor på heiltid gav depresjon og angst
Vi snakkar mindre saman i ope kontorlandskap
– Eg trur at noko av grunnen til at den studien er så fascinerande å høyre om, er nettopp at det er litt overraskande. Fordi vi har ei slags førestilling om at fysisk openheit automatisk gjev meir og betre sosial interaksjon, seier Randi Hovden Borge ved STAMI.
Ho er doktorgradsstipendiat og har mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi, og var ein av foredragshaldarane på fagdagen «Fremtidens kontor» som blei arrangert av Fagforbundet 25. april.
Forskarane ville finne ut kva som skjer når folk som jobbar i einekontor og små delekontor blei flytta over i ope kontorlandskap.
Funna var at folk snakka 70 prosent meir med kvarandre då dei sat på einekontor samanlikna med kontorlandskap. Samtidig gjekk den elektroniske kommunikasjonen som chat og epost opp tilsvarande det ansikt til ansikt-pratinga gjekk ned.
• Dette er den vanlegaste løna i Norge
Korfor?
– Er det slik at vi trekker oss meir inn i oss sjølve når vi sit meir synleg og eksponert i ope landskap?
– Det kan vere éin mogleg respons når du føler deg overeksponert, det å trekke seg tilbake. Det er ikkje eit veldig overraskande funn for oss med litt innsikt i psykologi, seier Hovden Borge.
KONTORTILSETTE: Det var full sal under Fagforbundet sin fagdag «Fremtidens kontor» 25. april. 27. april mrkerar dei kontortilsette si dag.
Øystein Windstad
• Yrkesskade på heimekontor kan bli dyrt, slik stiller du sterkare
Avgjerande for trivsel
Ho legg til at det er svært viktig at arbeidsgjevarar ikkje berre tenkjer på korleis kontora er forma ut som ein utgiftspost:
– Det er veldig viktig å tenkje på kontorløysingar som eit viktig premiss for arbeidsvilkåra til dei tilsette. Det er eit perspektiv ein bør ha med når ein går over til nye kontorløysingar, seier STAMI-forskaren.
Vidare fortel ho at noko av dei aller viktigaste funna frå forsking på arbeidsliv, er at dei tilsette føler dei har noko dei skulle sagt. Autonomi, at vi kan vere med å bestemme over kva som skal skje i eigen arbeidskvardag. Jo meir arbeidstakarane opplever at dei har å seie, jo meir trivsel.
• Folk i opne kontorlandskap meir sjukemelde
– Eit gigantisk usikkert eksperiment
Roger Kristensen er utdanna tømrar, jobbar som hovudtillitsvald i Boligbygg i Oslo kommune og er leiar av Yrkesseksjon kontor og administrasjon i Fagforbundet Oslo. Han presenterte funna frå ei spørjeundersøking blant over 800 kontortilsette i Oslo på fagdagen.
Han ser ei trend som han ikkje likar.
Av dei tilsette som skal få nye kontor, svarar 68 prosent at leiinga planlegg å legge inn ein god del færre kontorplassar enn tilsette.
– Underdekning av kontorplassar er eit gigantisk arbeidsmiljømessig eksperiment. Vi veit jo ingenting om dei psykososiale utfordringane det kan dra med seg. Det finst ikkje forsking som seier at dette fører til eit betre arbeidsmiljø for dei tilsette, seier Kristensen.
TILLISVALD: Roger Kristensen er hovudtillitsvald i Boligbygg Oslo KF og har jobba med ei spørreundersøkjing blant nesten 1000 kontortilsette.
Øystein Windstad
Sparing kan bli dyrt
Kristensen i Fagforbundet Oslo peiker på at vi deler meir fagkunnskap om vi sit på einekontor.
– I eit cellekontorlandskap, når du først går til ein kollega, då går du for å spørje eller dele noko innanfor fagfeltet ditt. Medan i eit ope landskap, viser det seg at delinga du gjer i større grad er av meir privat karakter, seier Kristensen.
Og han viser til BI-forskar Lina Lai. Han trur at om fleire blir tvinga til å sitte på heimekontor grunna at det er planlagt for få kontorplassar på jobben, kan det gå ut over lojaliteten til arbeidsgjevaren. Og at fleire sluttar.
Som igjen fører til dyre og tidkrevjande tilsettingsprosessar. Fagforbundet si spørjeundersøking blant 820 kontortilsette i Oslo vil bli offentleg i løpet av mai.
• Mange bryt lovkrav om heimekontor
Medråderett = suksess
Ei rekkje arbeidslivsforskarar understrekar at det at tilsette kan vere med å bestemme korleis dei nye kontora skal bli, er avgjerande for om arbeidsmiljøet, trivselen og produktiviteten blir bra.
– Det er viktig å føle på medråderett i endringsprosessar. Så lenge ein passar på det, trur eg det vil gå bra for dei aller fleste, seier Hovden Borge ved STAMI.
Per Flakstad
HELE LAGET: – Det har vært viktig for LO Kommune å sikre at hele laget får et godt lønnsoppgjør, ikke bare enkeltgrupper, sier Mette Nord.
Per Flakstad
PEKER PÅ DE MEST LAVTLØNTE: – Alle pensjonister må få en inntekt som er tilstrekkelig til å leve verdige liv, sier Mette Nord.
Per Flakstad
VIL OPP: De to første lønningene fra nyjobben gikk i stor grad med til å betale regninger og inkassokrav, forteller Malin Sandvik Bergdal.
Glen Musk
ØKT REALLØNN: – Vi forhandler alltid med mål om å komme til en løsning. Samtidig er kravet fra våre medlemmer tydelig på at vi skal sikre hele laget økt reallønn, sier Mette Nord.
Per Flakstad
LIGGER LAVT: Kinoansatt Ida Nybroen, frisør Victoria Dalehamn og dyrepleier Julianne Schönen.
Martin Guttormsen/Berit Baumberger/Kristin Svorte