Bemanningskrise? Her fekk dei kø av unge til jobber i eldreomsorga
Vikarmangelen var så stor at kommunen skulle til å beordre helsearbeidarar på jobb i ferien. Så skjedde noko som gjorde at kommunen for første gong fekk inn fleire helsevikarar enn dei trengde.

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Sommarferien var dagar unna. Leiinga i kommunen såg med alvorleg blikk på det som skulle ha vore ein bunke med søknadar: Dei måtte ha minst 30 vikarar, og til no hadde berre 15 unge søkt om sommarjobb.
Kommunalsjef for helse og omsorg i Sortland kommune, Sture Jacobsen, frykta at han måtte kalle tilbake feriar. Og beordre helsepersonell til å jobbe i fellesferien. Men, så bestemte dei seg for å prøve noko heilt nytt. Og som dei ikkje ante om ville vere 100.000 kroner ut av vindauget, eller om det vill hjelpe på den akutte vikarmangelen.
– Ikkje på noko tidspunkt trudde vi at så mange ville søke sommarjobb i helse, seier helsesjef Jacobsen.

Måtte stoppe kampanjen
Resultatet blei den mest uventa og største rekrutteringssuksessen i kommunen si historie: Over 70 søkarar og langt fleire som ville jobbe i helsetenesta enn dei hadde plass til. Slik at ein god del søkarar fekk tilbod om sommarjobb i andre delar av kommunen, som og mangla folk.
• Lesaranes melding til helsepersonellkommisjonen: – Vi har altfor få hender og jobber til vi stuper
Arkitektane bak kampanjen var firmaet Nettrakett og digital rådgivar Lasse Marthinussen:
– Idéen her var å vise kor feitt det er på Sortland, og kor bra det kan vere, seier rådgjevaren som sjølv kjem frå Sortland.
Kommunen bad selskapet om å skru av kampanjen før tida, grunna pågangen.
– Tener gode pengar som helsevikar
Marthinussen i Nettrakett fortel at nøklane var å finne ut kva ungdom og unge vaksne på sommarjobbjakt er ute etter:

– Målsettinga deira for å ta sommarjobb er hovudsakleg å tene pengar. Så ærlege må vi vere. Samtidig må dei vere sikre på at dei veit kva dei går til. Vi måtte eliminere uvisse. Vidare måtte vi fortelje dei at dei kan tene ganske gode pengar på å ha sommarjobb innanfor helse og omsorg. Vi laga filmar som fortalde kva arbeidsoppgåvene gjekk ut på og at dei fekk god støtte hele vegen, seier den digitale rådgjevaren.
Idéen her var å vise kor feitt det er på Sortland, og kor bra det kan vere
Lasse Marthinussen, digital rådgivar
Facebook og Instagram
Sortland kommune og Nettrakett la ut videoane på Facebook for å nå foreldregenerasjonen. Dei brukte vidare Instagram og Snapchat for å nå dei unge direkte. Med titlar som «Eg fekk råd til førarkort fordi eg hadde sommarjobb i Sortland kommune». Og «drøymer du om dataspel PC?»

– Ein jobb med meining
Marthinussen fortel at formelen dei brukte for kampanjen kan funke i andre kommunar:
– Dette er noko som kan gjerast mange plassar i landet. Vi er opne for å gjenta suksessen fleire plassar.
Helse- og omsorgssjef Sture Jacobsen seier dei greidde å få fram noko vesentleg:
– Å jobbe som helsevikar er ein meiningsfull jobb som vil bety ein forskjell for andre. Du får gode kollegaer, du får treffe andre ungdommar og du blir teken godt vare på. Det er ein meiningsfull jobb som betyr noko for andre der du kan utgjere ein forskjell, seier helsesjefen. KLP, som blant anna driv med forsikring og pensjon til dei som jobbar i kommunane, gav kampanjen terningkast seks.

Fagforeiningsleiarar: Løna i helse må opp
Nyleg arrangerte KLP eit seminar om ei av dei største utfordringane i vår tid: Vi vil mangle tusenvis av helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Kampanjen til Sortland kommune blei vist som eit konstruktivt eksempel på korleis ein kan få tak i fleire folk til helsesektoren.
I panelet var Fagforbundet-leiar Mette Nord, leiar av Sjukepleiarforbundet Lill Sverresdatter, Tor Arne Gangsø frå KS og Sverre Thornes, konserndirektør i KLP. Både Nord i Fagforbundet og Sverresdatter i Sjukepleiarforbundet var klare på at løna må opp skal fleire jobbe innan helse. Sjå kva paneldeltakarane ønsker å gjere for å løyse bemanningskrisa i helse her.
