Barth Eide: – LO har gjort oss rike, saman
BESKYTTAR: Utanriksminister Espen Barth Eide meiner LO og fagrøyrsla gjev trygge samfunn med høg tillit og små forskjellar. Noko USA mangla, som har hjulpe Trump til makta, seier Ap-politikaren.
Ole Palmstrøm
Eit sterkt LO er ei forsikring mot populisme, nasjonalisme og autoritære strøymingar som vi ser ute i verda. Det seier utanriksminister Espen Barth Eide.
oystein.windstad@fagbladet.no
Måndag opna LO sin 36. kongress. Både avtroppande LO-leiar Peggy Hessen Følsvik og AUF-leiar Gaute Skjervø åtvara om at fascismen og ytre høgre er på frammarsj. Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) delte bekymringa frå talarstolen:
– Viss vi vil forsikre oss mot populisme, nasjonalisme og totalitære strøymingar – då er den beste måten å ta vare på høg tillit og små forskjellar. Det gjer vi med eit sterkt LO, sa utanriksministeren til Fagbladet etter innleiinga.
LO-VEN: Espen Barth Eide takka LO for kampen for eit samfunn med små forskjellar og velstand. Og åtvara samtidig mot at demokratiet er på vikande front i mange land.
Leif Martin Kirknes
• LO-leiaren fryktar Listhaug og Rimi-Hagen blir «Trump og Musk»
Har greidd noko USA ikkje har
Barth Eide seier fagrørsla er avgjerande for dei landa som har fått til ein god fordelingspolitikk. Det er land med ordna arbeidsliv og ein velferdsstat som bidreg til at folk får og blir i jobb:
– Dette betyr mykje for økonomien, men også enormt mykje for tilliten i samfunnet. Du kan sjå eit tydeleg skilje på land som har fått til dette. Som i Nord-Europa. Og dei som ikkje har klart det, som USA.
• Dette er Fagforbundet sine tre viktigaste saker på LO-kongressen
ÅTVARAR: Peggy Hessen Følsvik er LO-leiar fram til torsdag. Måndag åtvarar ho mot diktatur med fascistiske trekk som Russland. Som er på frammarsj.
Øystein Windstad
– Difor har Trump blitt stor
Barth Eide seier USA har ei svakare fagrørsle samanlikna med Noreg. Og at det har ført til store økonomiske forskjellar i USA. Der heile regionar har forvitra og store arbeidstakargrupper har blitt vekke:
– USA har mangla evna til å bli rike saman, slik som vi har hatt her. Dette er ein av grunnane til at det går bra med Trump, seier Ap-politikaren.
PÅ VAKT: Gaute Skjervø er leiar av AUF og meiner at vi må vere på vakt. Fleire demokratiske land er i ferd med å bli autoritære og går i retning mot diktatur, seier han.
Øystein Windstad