Arbeiderpartiets løfte til veljarane: Du skal få meir i løn og prisane skal ned
Korleis skal Ap vinne røyster frå arbeidsfolk? Med pengar og nye idear, seier Ap-nestleiar og helseminister Jan Christian Vestre.

I helga skal Arbeidarpartiet stake ut kursen for dei neste fire åra. Politikk som skal vinne over veljarane, slik at Ap når målet sitt om fire nye år i regjering.
Alt frå gratis arbeidsklede til disiplin i skulen til mindre skjerm på dei små.
Men saka truleg flest vil legge merke til, er Ap sine lovnader om lommeboka:
– I denne perioden har vi så langt gjennomført rundt 11 milliardar kroner i skattelette for dei som har låge og mellom-inntekter. Vi har gjort mange av velferdstenestene vesentleg billigare. Barnehage, SFO, auka pensjonar, auka barnetrygd. Saman med budsjettpartnar SV i Stortinget bidreg vi til å lette presset litt for familiane, seier Jan Christian Vestre, nestleiar i Ap og helse- og omsorgsminister.
Trass krig i Europa, tollstrid internasjonalt og prisar som har gått opp i år: No lovar han deg betre råd.
• Ap: – No skal sjefen betale for arbeidskledene dine

– Prisane skal ned
Vestre viser også til Ap-tiltaket med Norgespris, ein fast pris på 40 øre kWh, som iføljge han skal vere med å sikre lågare straumprisar og føreseieleg økonomi.
Han peikar på at trass dei urolege tidene, seier prognosane at folk skal få feitare lommebok.
Les korleis Ap vil vinne valet her
Slik vil han og Ap få til det:
– Vi skal fortsette å få ned prisveksten. Fortsette å gjennomføre eit rettferdig skattesystem som er omfordelande. Fortsette arbeidet med å gjere velferdstenestene våre rimelegare. Det slår rett inn i lommeboka for folk. Vi lovar ikkje over 30 milliardar kroner i skattekutt til dei som har dei største formuane. Vi vil bruke dei store pengane på dei store oppgåvene. Det handlar om at folk skal oppleve å få litt betre kvardagsøkonomi, seier Ap-ministeren til Fagbladet rett etter han gjekk av talarstolen på Ap sitt landsmøte fredag.
• Slik vil Ap lokke veljarar frå Frp

«Eit fornyande reformparti»
Frå scena sa Vestre at Ap skal vere drivkrafta for reformer som skal gjere at folk får det betre.
– Det betyr at vi heile tida må vere opptatt av å løyse dei kvardagsproblema som folk og bedrifter opplever. Det er mykje som er bra i Noreg, vi er eit fantastisk land med mange moglegheiter. Men det er også ting som ikkje funkar. Ventetida i sjukehusa er for lang, seier Vestre.
Som helseminister har han strengt tatt ansvar for denne ventetida. Han innrømmer at ting ikkje er perfekte.
– Det er for mange innbyggarar som opplever at dei blir kasteballar mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Vi har uløyste oppgåver, og då meiner eg vi må ikkje vere forsvararar av det. Da må vi brette opp ermane og seie at dette skal vi gjere noko med. Vi må reformere, fornye, forsterke og forbetre og tenke framover. Nytt og kreativt, seier Vestre.
• Ap: Ikkje lenger masterkrav i barnevernet
Fleire fang i barnehagane
I løpet av helga skal Ap vedta blant anna tiltak som Vestre seier skal gje ein betre barnehage:
– Vi er opptekne av at det skal vere god bemanning i barnehagane. Og at det skal vere kompetanse i barnehagane, seier Ap-nestleiaren.