I år er 17. mai ein søndag og andre juledag ein laurdag. Dermed blir det to ekstra arbeidsdagar på dei fleste.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.com
tormod@lomedia.no
Mens ti av fjorårets rauddagar fall på ein kvardag, er talet åtte i år. 17. mai er ein søndag og andre juledag er ein laurdag. I fjor fall desse dagane på ein fredag og ein torsdag, som gjorde at vi fekk fleire kvardagar fri.
{f1}
Rauddag på kvardag
Første nyttårsdag, 1. mai og første juledag er kvardagar i år som i fjor.
Rauddagane som alltid fell på ein kvardag, er skjærtorsdag, langfredag, andre påskedag (måndag), kristi himmelfartsdag (torsdag) og andre pinsedag (måndag).
Grunnen til at dei alltid fell på desse dagane, er at dei blir berekna ut frå første påskedag som alltid er ein søndag. Nærmare bestemt er det søndag etter første fullmåne på eller etter 21. mars, ifølge lova.
Meir lønn?
Det er berre 1. mai og 17. mai du etter lova skal ha lønn. Tariffavtalene har derimot reglar som sikrar deg godtgjering for fri på andre rauddagar. Dermed får mange av oss like mykje lønn i år som i fjor.
Rauddagar i 2020:
Sånn fordeler rauddagane seg i år:
Første nyttårsdag: onsdag 1. januar
Skjærtorsdag: torsdag 9. april
Langfredag: fredag 10. april
Første påskedag: søndag 12. april
Andre påskedag: måndag 13. april
Arbeidarane sin dag: fredag 1. mai
Grunnlovsdagen: søndag 17. mai
Kristi Himmelfartsdag: torsdag 21. mai
Første pinsedag: søndag 31. mai
Andre pinsedag: måndag 1. juni
Første juledag: fredag 25. desember
Andre juledag: laurdag 26. desember
REVOLUSJON? Irene Sæterbø (33) var butikkansatt i 12 år på Europris. – Jeg ble overrasket da jeg fikk jobben, sier hun om sitt nye yrkesvalg.
Frøy E. Hamstad
SA JA TIL 100 PROSENT: Eirik Stivold er ansatt som assistent, men han er nå i ferd med å ta fagbrev som helsefagarbeider.
Frøy E. Hamstad
Leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet mener rammen for trygdeoppgjøret bør være omtrent som lønnsveksten.
Håvard Sæbø
VIL ADVARE: Kent-Ove Dahl pådro seg stor gjeld da han kjørte varebil for en underleverandør hos PostNord.
Martin Guttormsen Slørdal
STREIKEFARE: Det kan bli streik i Oslo kommune. Anna Elisabeth Uran er klar for å ta ut flere medlemmer.
Øystein Windstad
GOD LØNN: Gjennomsnittet for etatsjefer, kommunaldirektører og bydelsdirektører er nå på litt mer enn halvannen million kroner.
Colourbox.com