JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Avsløring om pengebruk blant hundrevis av barnehagar

Varslar strengare regulering av kommersielle barnehagar

STRENGARE: Både kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og regjeringa signaliserer at dei vil gå djupare til verks for å sikre at pengane skal gå til ungane i barnehage.

STRENGARE: Både kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og regjeringa signaliserer at dei vil gå djupare til verks for å sikre at pengane skal gå til ungane i barnehage.

Martin Guttormsen Slørdal

– Det skal ikkje vere sånn at barnehagane belastast med kunstig høge leier som blir teke frå tilskot og foreldrebetaling, seier kunnskapsministeren. Styresmaktene utelukkar ikkje tilsyn.

2024032214195120240322141951

oystein.windstad@fagbladet.no

Onsdag stilte barnehagepedagog og Rødt-politikar Hege Bae Nyholt spørsmål i Stortinget. Temaet er kva regjeringa og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vil gjere etter at Fagbladet har avdekt at rundt 400 barnehagar betalar svært høg leie til utanlandske oppkjøpsfond.

– Barnehagane våre skal ikkje vere investeringsobjekt for kommersielle interesser. Det skal ikkje vere sånn at barnehagane belastast med kunstig høge leier som blir teke frå tilskot og foreldrebetaling, svara kunnskapsminister Nessa Nordtun blant anna frå talarstolen.

• Barnehagar eigd i utlandet med over dobbelt leigenivå

KOR GÅR PENGANE? Rundt 400 norske barnehagebygg er selde til utlandet for over 11 milliardar kroner. No spør fleire seg om pengane til foreldra og skattebetalarane har gått dit dei skal.

KOR GÅR PENGANE? Rundt 400 norske barnehagebygg er selde til utlandet for over 11 milliardar kroner. No spør fleire seg om pengane til foreldra og skattebetalarane har gått dit dei skal.

Hanna Skotheim

Vil begrense støtte

Spørsmålet frå Raudt var konkret om regjeringa vil instruere barnehage-tilsynet til å sjå på leigenivået. Svaret var at ho har tillit til at tilsynet gjer sine eigne og grundige vurderingar. Nessa Nordtun viste til desse tiltaka mot høg leige:

– For å motverke dette har regjeringa sendt på høyring forslag om blant anna meir nøkterne tilskot til eigedom. Vi har også bedt om høyringsinstansane sine syn på om det bør setjast tak på kor mykje av driftstilskotet barnehagane kan bruke på kostnader til eigedom, sa ministeren frå Stortinget sin talarstol.

STRENGARE: Både kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og regjeringa signaliserer at dei vil gå djupare til verks for å sikre at pengane skal gå til ungane i barnehage.

STRENGARE: Både kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og regjeringa signaliserer at dei vil gå djupare til verks for å sikre at pengane skal gå til ungane i barnehage.

Martin Guttormsen Slørdal

• Blei milliardærar på barnehage, risikerer milliardkrav

Kan kome tilsyn

Ein økonomiprofessor fortel i denne saka at høg husleige blant kommersielle barnehagar er ein metode å få ut ekstra profitt. Håkon Holmen er leiar for tilsynet som skal sjå korleis private barnehagar brukar pengane dei får frå skattebetalarane og foreldra. Han seier det kan bli aktuelt å sjå på leigenivået til kjedene som har selt barnehagebygga til utlandet og no leiger dei tilbake:

– Vi vil gjere nærare undersøkingar i dei tre tilsyna vi har opna. Vi gjer løpande vurderingar av den samla risikoen i den private barnehagesektoren, og kva lovkrav og barnehagar det er aktuelt å føre tilsyn med. Vi kan difor ikkje utelukke at det vil kunne bli aktuelt å opne tilsyn med leigenivået, skriv Håkon Holmen i ein epost.

GRANSKAR: Håkon Holmen er leiar for Avdeling for økonomisk tilsyn private barnehager i Utdanningsdirektoratet. Tilsynet har gjort fleire granskingar som blant anna kan føre til at ei kjede må betale tilbake fleire hundre millionar kroner i samband med sal av barnehagebygg til utlandet i 2020.

GRANSKAR: Håkon Holmen er leiar for Avdeling for økonomisk tilsyn private barnehager i Utdanningsdirektoratet. Tilsynet har gjort fleire granskingar som blant anna kan føre til at ei kjede må betale tilbake fleire hundre millionar kroner i samband med sal av barnehagebygg til utlandet i 2020.

Omar Sejnæs

• Barnehagekjede: – Alle pengane kjem barna til gode

SV: – Trekk i nødbremsen

Grete Wold sit i utdannings og forskingskomiteen på Stortinget for SV:

– Eg tenker at det er ikkje tilfeldig at desse barnehagane er utanlandskeigde. Det er fordi nokon ser at her er det pengar å tene. Og det gjer jo at ein skal vere spesielt oppmerksam. På at dei pengane vi bevilgar til barnehage, går til barna og ikkje i lomma på enkeltpersonar, seier stortingspolitikaren. Ho vil ha strengare regulering:

– Vi må vurdere å innføre prisnivåregulering på leie av barnehagebygg. Vi meiner at utviklinga vi ser no, har gått altfor langt. Vi forventar jo at ei raud-grøn regjering set på nødbremsen og handlar ganske raskt for å få stoppa dette. For dette er jo ein marknad som har teke av.

• Sjekk om din barnehage er eigd i utlandet her

Vil regulere meir i ny barnehagelov

Fagbladet har sendt spørsmål til KrF, Frp, Høgre, MDG, SV og Sp om kva dei tenkjer om det høge leigenivået blant utanlandskeigde barnehagar. Til no har SV og Senterpartiet svart. Marit Knutsdatter Strand er 1. nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen:

– Forvalting av barnehagar treng oppdatering i tråd med tid og endringar elles. Vi stiller langt høgare krav til seriøs og god pedagogisk drift av barnehagar, og har fått rydda opp i delar av sektoren. No skal Stortinget etter kvart handsame ny barnehagelov, utan at vi veit akkurat når. Då vil finansiering og forvaltning av barnehagar vere dei mest sentrale spørsmåla å avklare. Tilskot til barnehage skal kome barna til gode, skriv stortingspolitikaren i ein epost.

Fagbladet oppdaterer med svar frå dei andre partia når og om dei kjem.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy