SKEPTISK: Yahya Alizada er helsefagarbeidar og kritisk til Høgre sine planer om å privatisere sjukeheimar på nytt.
Martin Halsos
oystein.windstad@fagbladet.no
Helsefagarbeidar og tillitsvalt Yahya Alizada ved Oppsalhjemmet i Oslo er skeptisk til Høgre-satsinga på nyprivatisering av sjukeheimar.
«Tre-fire sjukeheimar bør privatiserast så fort som mogleg», heitte det då Dagsavisen intervjua Høgre-byrådsleiarkandidat Eirik Lae Solberg i Oslo om planane for eit eventuelt kursskifte i hovudstaden.
I eit etterfølgjande intervju utdjupa Høgre-talsperson Hassan Nawaz at dei mellom anna ser for seg å bruke poengrangering av sjukeheimane for å finne kandidatar til privatisering.
Ansatt-skepsis
Det har vekt debatt. Ideologisk råkøyr frå Høgre, var Fagforbund-topp i Oslo Elisabeth Uran raskt ute med. Skremselspropaganda, svarar Lae Solberg i Dagsavisen.
Og på sjukeheimane er dei tilsette bekymra.
• Raymond Johansen om eldreomsorgen i Oslo: – Har store utfordringer
Det raudgrøne byrådet i Oslo har prioritert det motsette av det Høgre vil gjera: Å rekommunalisere privatiserte sjukeheimar.
På Oppsalhjemmet, som gjekk frå privat til kommunal drift tidlegare i år, er Yahya Alizada, helsefagarbeidar og plasstillitsvalt for Fagforbundet, klar på at han meiner endringa hadde positiv effekt for dei rundt 100 medarbeidarane på sjukeheimen.
– Alle tilsette gjekk opp 50.000 til 120.000 kroner i løn, seier Alizada.
– Menneske kan ikkje vere business
Han meiner det ikkje er bra at Høgre seier dei vil privatisere på nytt om dei kjem til makta i haust. Han meiner at private er dårleg egna til å drive med omsorg.
– Eg trur ikkje på det løftet om at det ikkje skal bli press på pris og sparing. Blir det privat, så skal de tene pengar og spare, seier Alizada.
Han trur heller ikkje det er bra for bebuarane.
– Dei vil ha business frå menneske, og menneske kan ikkje vere business. Dette er eldre menneske som har bygd samfunnet. Dei fortener ikkje at det skal bli tent pengar frå dei.
• Brennheit arbeidsmarknad for helsefagarbeidarar
– Frustrerte pårørande
Tillitsvalde Alizada har jobba på Oppsalhjemmet sidan 2019. Han var med på overgangen i vår då sjukeheimen blei overteke av Oslo kommune. Han har denne bodskapen til Høgre og andre parti som vil ha eldreomsorg på anbod:
– Først og fremst, nei takk til privatisering. Då blir det masse sparing og dårlegare løn til dei tilsette. Det går ut over bebuarane og gjev frustrerte pårørande. Og privatisering går ut over dei som jobbar på golvet, seier Alizada.
– Vil nok ta eitt år
Høgre seier dei ikkje vil legge inn pris som kriterium i deira planar om å privatisere 3-4 sjukeheimar i Oslo.
– Det er ikkje riktig at dei som jobbar på ein konkurranseutsett sjukeheim vil gå ned i lønn, seier Eirik Lae Solberg til Dagsavisen.
Han understrekar i same intervju at planen om å begynne privatiseringsprosessen første veka som byrådsleiar, ikkje er det same som at sjukeheimar vil bli privatisert så fort.
– Det vil nok ta eitt år å gjennomføre ei konkurranseutsetting.
REVOLUSJON? Irene Sæterbø (33) var butikkansatt i 12 år på Europris. – Jeg ble overrasket da jeg fikk jobben, sier hun om sitt nye yrkesvalg.
Frøy E. Hamstad
Leder Jan Davidsen i Pensjonistforbundet mener rammen for trygdeoppgjøret bør være omtrent som lønnsveksten.
Håvard Sæbø
SA JA TIL 100 PROSENT: Eirik Stivold er ansatt som assistent, men han er nå i ferd med å ta fagbrev som helsefagarbeider.
Frøy E. Hamstad
VIL ADVARE: Kent-Ove Dahl pådro seg stor gjeld da han kjørte varebil for en underleverandør hos PostNord.
Martin Guttormsen Slørdal
STREIKEFARE: Det kan bli streik i Oslo kommune. Anna Elisabeth Uran er klar for å ta ut flere medlemmer.
Øystein Windstad
GOD LØNN: Gjennomsnittet for etatsjefer, kommunaldirektører og bydelsdirektører er nå på litt mer enn halvannen million kroner.
Colourbox.com