Slik overfører du feriedagar til neste år
Har du feriedagar til overs? Dette må du gjere
TRAVELT: Har du ein draum om å dra til ein varm stad før nyttår? Då må du raskt ta kontakt med sjefen. Husk skriftleg avtale.
Colourbox.com
Har du ubrukt ferie, er det lurt å raskt ta kontakt med sjefen. Og merk: Det er ikkje lov å ta ut feriedagar som pengar.
oystein.windstad@fagbladet.no
Har du tolv eller færre ubrukte feriedagar, er det ei god nyheit. Då kan du ta kontakt med sjefen og be om få dagane overført til neste år. Men har du over tolv feriedagar igjen, har du det travelt.
• Sjekk kor mange veker ferie du har krav på med tariffavtale
FERIETVANG: Om du har ubrukt ferie, kan sjefen pålegge deg å ta den ut.
colourbox
Du og sjefen må bli einige
Vigleik Aas er seksjonsleiar for svartenesta i Arbeidstilsynet. Han fortel at i dei aller fleste tilfella løyser ubrukte feriedagar seg med god dialog og at du blir einig med sjefen:
– Arbeidstakar har ikkje krav på å få overført 12 feriedagar til neste år. Lova legg opp til at arbeidsgjevar har ei plikt til sjå til at arbeidstakar avviklar ferien sin og heile ferien innan ferieåret. Lova legg også opp til at ein kan ha dialog om behov. Skal du overføre til ferie neste år, må det vere dialog, ein avtale og begge partar må vere einige, seier Aas.
Det er viktig å ha ein skriftleg avtale med sjefen om å ta ut den ubrukte ferien.
{f1}
• Så mykje ferie har du krav på om du jobbar deltid
DIALOG: Vigleik Aas, seksjonsleiar i svartenesta i Arbeidstilsynet, seier at som regel går det meste bra når det kjem til spørsmål om ubrukt ferie. Han seier nøkkelen er god dialog og å ta kontakt så raskt som råd med sjefen.
Arbeidstilsynet
Sjefen skal sørge for at du tek ut ferie
– Du har ikkje krav på å få overført ferien?
– Nei, bakgrunnen er at arbeidsgjevar har overordna HMS-ansvar og plikt til å sørge for at arbeidstakar tek ut ferie. Dette for å sørge for at ikkje nokon overarbeider seg og at ein får den restitusjonen som trengst, seier Aas.
• Sjefen kan tvinge deg til å ta fri
Blir stort sett einige
Seksjonsleiaren fortel at som regel ordnar det seg om du har ubrukt ferie:
– I normale tilfelle er det ein grei dialog. Har ein ønsker om å overføre ferie, går det som regel i orden. Dette er avtalebasert og begge partar må vere einige, seier Aas.
ANSVAR: I følge Ferieloven er det arbeidsgjevar som har ansvaret for at du skal få ferie og teke ut all ferien du har krav på.
Leif Martin Kirknes
Over 12 dagar igjen: Klokka tikkar
– Dei som har over 12 feriedagar til overs, kva skal dei gjere no?
– Sørg for å finne rom til å ta ut dagane før jul. Nokon har lågsesong i jula og det passar fint å ta ut ferie rundt jul. Andre har høgsesong. Ein må finne løysningar og planlegg dette no så raskt som mogleg. Ta kontakt med arbeidsgjevar så snart som råd, oppmodar Aas.
Når kan du ta ut ubrukt ferie?
– Kan du sjølv bestemme når ferien skal skje neste år?
– Nei, det kan ein ikkje. Dei dagane som blir overført, blir lagt til den totale potten på 25 lovpålagde feriedagar du har neste år. Du har rett til å ta ut tre veker samanhengande i hovudferie-perioden. Og rett til å ta ut dei resterande sju dagane samanhengande i siste halvdel av året. Alt anna er arbeidsgjevar sin styringsrett. Det skal diskuterast med den enkelte arbeidstakar og eller tillitsvald når ein set opp ferieplan, seier Aas.
Men husk …
Har du tariffavtale, kan du ha betre ferierettar enn det ferielova krev:
– Reglane kan vere annleis om det er tariffavtale. Ein kan avtale støre rettar på arbeidstakarsida enn det lova seier. Det er vanleg. Det hender at ein har interne reglar med fristar for å søke ferie. Dette står ikkje i lova og ein må forhalda seg til desse reglane, seier Vigleik Aas, seksjonsleiar for svartenesta i Arbeidstilsynet.
Fakta om ubrukte feriedagar
• Ifølge Ferieloven kan du få overført 12 feriedagar til neste år.
• Arbeidsgjevar er pliktig i å sørge for at du tek ut ferien din.
• Alt over 12 feriedagar må du ta ut før jul.
• Ta kontakt med sjefen og få skriftleg avtale om når du skal ta ut dei ubrukte feriedagane.
• Du kan ikkje ta ut ubrukt ferie som pengar, det er lovstridig.
• Om du blir nekta å ta ut ubrukt ferie før jul eller til neste år: Ta kontakt med ein tillitsvald.
• Løyser saka seg ikkje, vil arbeidsgjevar ha ei dårleg sak i Arbeidsretten.
• Blir du sjuk i ferien, har du rett på ny ferie frå første dag. Du må ha legeerklæring.
• Arbeidstakar har rett og plikt til å avvikle full ferie, også når han eller ho skiftar jobb.
(Kjelde: Ferieloven, Arbeidslivet.no og Arbeidstilsynet)