To barnehageinvestorar som eig fleire barnehagar i Bodø, Lofoten og Tromsø tok på tre år ut eit utbytte på til saman 17 millionar kroner, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.
To barnehageinvestorar som eig fleire barnehagar i Bodø, Lofoten og Tromsø tok på tre år ut eit utbytte på til saman 17 millionar kroner.
No vil riksrevisjonen granske saka. Fagforbundet ynskjer eit forbod mot utbytte. May Helen Molvær Grimstad (KrF) vil setje eit tak. Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell vil sjå på saka.
Fagforbundet viser til at det ikkje er lov å hente ut overskot frå friskular. Styreleiar Ragnar Johansen i Norske fag- og friskolers landsforbund tykkjer det er naturleg at private barnehagar og skular skal ha same regelverket.
Men det meiner ikkje marknadsliberalarane i miljøet kring tenketanken Civita og tidsskriftet Minerva. Der lurer dei på kva som er så gale med profittmotivet.
«Høyre, og faktisk hele det politiske spektrum bortsett fra ytterste venstre aksepterer dette som legitimt og akseptabelt i hele privat sektor, og erkjenner at det er en viktig drivkraft for effektivitet og innovasjon. Profittmotivet er også akseptert for de aller fleste private aktører som yter tjenester til det offentlige, gjennom anbud, stykkpris og direktekjøp,» skriv Jan Arild Snoen i Minerva.
Sidan han meiner at profittmotivet er det normale, og helst også i offentleg sektor, er Snoen frustrert over at Bondevik si regjering, med Kristin Clemet i spissen, klart slo fast at ingen skulle tene pengar på å drive skular. Han meiner at det ikkje er nokon prinsipiell skilnad mellom å tene pengar på barnehagar og skular. Og han har rett! Det er det same! Diverre for liberalistane vil det norske folket at skattepengane skal gå til gode offentlege tenester og ikkje til privat profitt.
Trass i marknadsliberalistane sin propaganda: Profittstyrte offentlege teneseter opplever ikkje effektivisering, nyskaping og fagleg utvikling. I barnehagesektoren er det no slik at dei som satsar på kvalitet og eit best mogeleg pedagogisk tilbod til borna, slit med dårleg økonomi og underskot. Samstundes kan profitørane le heile vegen til banken.
Ja, du må nok sjå på dette Solhjell.
På Lørenskog utenfor Oslo står 30 splitter nye leddbusser fra MAN og snør ned. Ruter og Unibuss er nemlig uenige om kjøpsavtalen som de korrupsjonssiktede medarbeiderne inngikk i sommer. Les mer
30 leddbusser til 75 millioner kroner står frosset fast på Lørenskog, mens passasjerer slåss om plassen på rutene de skulle ha trafikkert. Les mer
Ifølge tall fra SSB har antall deltidsansatte kvinner økt med 16.000 det siste året. – Fagforeningen har tatt sin del av ansvaret, nå må også arbeidsgiverne ta sitt, sier Mette Nord i Fagforbundets politiske ledelse. Les mer
På ni år er antallet nordmenn med privat helseforsikring nidoblet. LO mener det offentlige helsevesen må bli så sterkt at det private blir unødvendig. Les mer