Tolmod, stabilitet, kontinuitet – og tru, håp og kjærleik. Innan helse og omsorg kan det gode resultatet berre omtalast med ord som minner lite om effektivitetsretorikken.
Her finner du medlemmenes egne bilder fra streiken. Send oss gjerne flere på desken@fagforbundet.no
Les mer
For mange er Jølster i Sogn og Fjordane ein kommune dei køyrer gjennom på veg til andre stadar. For andre er bygda paradis på jord. ?Stiftinga Fritt Ord lyste i 2006 ut midlar for å blåse liv i norsk dokumentarfotografi. Fotograf Oddleiv Apneseth ynskte å dokumentere eit samfunn gjennom eit år. Den naturlege staden for eit slikt prosjekt var heimkommunen Jølster.
Les mer| Tor-Johan Ekeland | |
| Publisert 30.05.2008 kl 10:16 Oppdatert 26.06.2009 kl 10:24 |
SIDAN SLUTTEN av nittitalet har spørsmål om effektivitet og «what works» spreidd seg til mest alle praksisfelt innan velferdsstaten. Alle spring etter svara. Få stiller spørsmål ved spørsmåla.
Det er skapt inntrykk av at vi er ved år null – at ein tidlegare ikkje brydde seg stort, at legen ikkje var interessert i om behandlinga var vellukka, at sosialarbeidaren ikkje følgde opp klienten sin, at fagfolka i barnevernet var likesæle til om jobben dei gjorde var god eller dårleg.
UNDERSØKER EIN NÆRARE, handlar det ikkje så mykje om ei genuin interesse for kvalitet. Heller ikkje den gamle og alltid nødvendige drøftinga av tilhøvet mellom kunnskap og praksis. Eigentleg handlar det ikkje så mykje om det gode resultat heller – om du og brukaren er nøgde eller ikkje. Det er nemleg ikkje nok at du stoler på di eiga eller fagmiljøet si dømmekraft. Du skal ikkje tru det før du har dokumentert det! Det viktigaste er med andre ord ikkje resultata og dei impliserte si oppleving av godt eller dårleg, men at resultata er målt og dokumentert. Mange trur at dette er same saka, men det er det slett ikkje.
For det første byggjer dei nye dokumentasjonskrava på mistillit (vi vil ikkje tru det før vi har sett det).
For det andre er systema laga slik at dei som ikkje kan det (byråkratiet) skal kunne overvake dei som kan det (fagfolka).
For det tredje skal dokumentasjonen kunne kvantifiserast. Og når det viktigaste ikkje lar seg kvantifisere (slik det ofte er i kompliserte verksemder), blir det som lar seg kvantifisere, viktig. Dermed oppstår verdas eldste organisasjonsproblem: målforskyving (middel blir mål).
Sjansane stig for at aktørane blir meir oppteken av dokumentasjonen enn av realitetane – eller å gjere ting rett framfor godt. Dei som har vore til fastlegen sin i det siste har kan hende lagt merke til at ho ser meir i datamaskina enn på deg; ho er nemleg pålagt å dokumentere om at ho har informert deg.
For det fjerde skal dokumentasjonen tene som effektivitetsindikatorar slik at ein kan samanlikne kven som er effektive og kven som ikkje er det (benchmarking), og i ein del sektorar kan ein med dokumentasjonspoenga i handa veksle dei inn i pengar frå staten (innsatsstyrt finansiering). Dei nye styringslogikkane i velferdsstaten bygger nemleg på den ideologiske overtydinga at skaper ein konkurranse mellom aktørane og lønnar dei flinke, vil effektivitet og kvalitet kome av seg sjølv. Problemet er at denne «strukturelle atferdsterapien» verkar, men verkar den etter føremålet?
EIT PROBLEM er at knefallet for effektivitetsretorikken lett fører til at andre viktige spørsmål kjem i bakgrunnen. Kvar kjem vår tids problem ifrå? Kvifor får fleire unge trøbbel? Kanskje sosialiseringa er for lite effektiv? Kan det nye språket om produksjon og effektivitet nyttast på kva som helst utan at innhaldet tek skade på si sjel? Kva med effektiv omsorg?
Arbeider vi i psykisk helsevern, rusomsorga eller barnevernet veit vi at det gode resultat berre kan omtalast med ord som minner lite om effektivitetsretorikken: tolmod, stabilitet, kontinuitet – og tru, håp og kjærleik for den del. Og effektivt på kort sikt treng på ingen måte være godt på lang sikt – og særleg lang sikt har ikkje dei bedriftsøkonomiske driftsmodellane. Det er i ferd med å bli ei ulukke for oss alle. Og verkar i forhold til kva? Måla for praksisutøving i velferdsstaten er sjeldan eintydige. Om Bjarne Håkon Hanssen sin politikk får folk opp om morgonen, eller om psykofarmaka kan redusere atferdsproblem hos barn og unge, er dessutan ikkje tekniske spørsmål. Dei er moralske.
MEDISINEN for modernisering av offentleg sektor har lenge vore økonomisk effektivisering gjennom resultatstyring og resultatfinansiering kopla mot marknadsmekanismar. Vi skal alle konkurrere for å bli flinkara, og pasientar og brukarar er blitt kundar. Denne situasjonen aukar presset på «produksjonsteknologien», eller den rette arbeidsmetoden. Det nye konseptet «evidensbasert praksis» skaper illusjonen om at denne finst – at det på mest alle verksemdsområde er mogleg å utvikle «medikament» etter mønster av medisinen. I så fall er det også grunnlag for rasjonalisering, og «produksjonen» bør logisk sett standardiserast.
Moderniseringa skaper ei tiltakande byråkratisering og umyndiggjering av høgt utdanna arbeidskraft. Deira autonomi
(og ansvar) til å individualisere behandling og skape skreddarsaum blir svekt. Paradokset er at dette skjer samstundes som retorikken (og lovgjevinga) nettopp framhevar og legg vekt på brukarmedverknad og individuell tilpassing av tilbod og tenester.
Denne nye situasjonen føreset enorme mengder med data, og eit veksande byråkrati for å handtere det målte. Sjeldan tek ein seg bryet med å måle kostnadane ved å måle. Men der er og andre sider. Nokon skal samle inn desse data. Det tek tida og merksemda til fagfolka. Resultatet blir som forventa: systemet blir enno meir sjølvoppteke, og brukarane opplever seg som objekt: kartlagde, men ikkje tekne på alvor. Det er truleg neppe utan grunn at dei fleste verksemder i denne sektoren pyntar seg med følgjande oppsiktsvekkjande «forretningside»: Brukaren i sentrum! Det tyder på at ikkje alt står bra til.
Vi er tilbake 2. august. Foto: Petter Borthen, medlem Fagforbundet Hordaland fylkeskommune.
Over 80 prosent av Fagforbundets medlemmer som har avgitt stemme sier ja til resultatet i helseforetakene. Men bare 14,5 prosent deltok i uravstemningen. Les mer
Over 90 prosent av Fagforbundets medlemmer som deltok i uravstemningen om meklingsresultatet i KS-området, stemte ja. Det er forbundsleder Jan Davidsen godt fornøyd med. Imidlertid er han skuffet over den lave deltakelsen på litt under 30 prosent. Les mer
Uravstemningen:
Arbeidsgiverne har sagt et rungende ja til meklingsresultatet i KS-området. Les mer
Tarifforhandlingene mellom Private Barnehagers Landsforbund og Fagforbundet er brutt. Oppgjøret går til mekling etter sommerferien. Fagforbundet krever like vilkår for ansatte i private og i kommunale barnehager. Les mer