Sist laurdag skjedde det ein fredeleg okkupasjonen av Torget. Det var Fagforbundet som profilerte seg. Dette var rett nok fullt lovleg og plassert på halve Torget, men det vart raudt av bannerar, ballongar, og trøyer med fagforbundslogo på. Og ein praktfull raud brannbil, modell 1955, på ei side. Mot Hornemannsgården ein anna bil, frå nyare tid, med slagord av ny modell: Avfall er råstoff. Når vi kjem til Torget litt før ti på denne herlege høstsoldagen, høres det lydar frå hiving på pappkassar, oppslåing av Fagforbundet-parasollar og reising av telt. Det høres ein stemme: ?Tile? ennjo?, men det ruslar da allereie noe publikum over plassen. ?Bare si viss du ska ha karamell?, lyd det frå pensjoniststanden. BACK IN RED! Bilar er raude, trommejenter er raude. Ein suksessdag for Fagforbundet ? eit mylder av logoar, bannerar og parasollar. Tekst: Kjell Håve
Foto: Grethe Fredriksen Alle bilder er opphavsrettslig beskyttet. Viderebruk er ikke tillatt uten avtale.