Ei varsla katastrofe

Streiken i bilder

...

Her finner du medlemmenes egne bilder fra streiken. Send oss gjerne flere på desken@fagforbundet.no

Les mer

Fotoreportasje

Møte med Jølster

...

For mange er Jølster i Sogn og Fjordane ein kommune dei køyrer gjennom på veg til andre stadar. For andre er bygda paradis på jord. ?Stiftinga Fritt Ord lyste i 2006 ut midlar for å blåse liv i norsk ­dokumentarfotografi. Fotograf Oddleiv Apneseth ynskte å dokumentere eit samfunn gjennom eit år. Den naturlege staden for eit slikt prosjekt var heimkommunen Jølster.

Les mer
Johnny Daugstad, ansvarleg redaktør
Publisert 31.10.2007 kl 15:01 Oppdatert 24.06.2009 kl 09:21

Tips en venn på e-post:

I 2008 vil regjeringa samla bruke 24,6 milliardar kroner på klima- og miljøtiltak. Dette er nesten uforståeleg mykje pengar, men vi treng ikkje verte uroa. Vi kjem ikkje til å merke så mykje til det. Det private forbruket skal auke neste år også. Rett nok vert avgiftene omlagde i litt miljøvenleg retning, men stort sett skal kongeriket Noreg halde fram som før.

Dei pengane regjeringa har sett av til miljøtiltak, tener staten inn att på mindre enn ein månad, takka vere inntekter frå olje og gass. Kvar einaste dag leverer Noreg 2,5 millionar fat olje til verdsmarknaden. Resultatet er CO2-utslepp på 376 millionar tonn.

Utslepp av CO2 og andre klimagassar har alt ført til fleire ekstreme orkanar og tyfonar, og FN sitt klimapanel slår fast at det blir verre. Storflaumar vil verte eit større og større problem. Temperaturen i luft og hav vil auke, isen smeltar og havet stig. Mange av øyane i Stillehavet vil verte ubeboelege, samstundes vil enorme område med dyrka mark bli til ørken. Innan 2020 kan den afrikanske matproduksjonen verte halvert. Mange vil dø av svolt og sjukdom. Meir enn 250 millionar menneske kan verte miljøflyktningar. Mange hundre tusen må truleg røme hit til vårt land.

Klimakrisa kan utvikle seg til ei katastrofe med krigsliknande konsekvensar. Statsbudsjettet for 2008 tyder ikkje på at politikarane har teke inn over seg alvoret. Miljøorganisasjonane meiner mellom anna at regjeringa sitt arbeid med fornybar energi har vore mislukka. Vindkraftutbygginga står i stampe fordi investorane ikkje tør å byggje ut. Noreg har truleg dei beste tilhøva for vindkraft i heile Europa, men har dei dårlegaste støtteordningane.

Det er på tide med eit nytt kriseforlik.

Noreg vil tene 328,1 milliardar kroner på sal av olje og gass neste år. Kva om vi brukte halvparten av desse inntektene til å utvikle ny miljøteknologi?

Handlar det ikkje om å redde vår jord?

...

Fagbladet har tatt sommerferie

Vi er tilbake 2. august. Foto: Petter Borthen, medlem Fagforbundet Hordaland fylkeskommune.

...

Ja i Spekter Helse

Over 80 prosent av Fagforbundets medlemmer som har avgitt stemme sier ja til resultatet i helseforetakene. Men bare 14,5 prosent deltok i uravstemningen. Les mer

...

Overveldende ja

Over 90 prosent av Fagforbundets medlemmer som deltok i uravstemningen om meklingsresultatet i KS-området, stemte ja. Det er forbundsleder Jan Davidsen godt fornøyd med. Imidlertid er han skuffet over den lave deltakelsen på litt under 30 prosent. Les mer

...

Uravstemningen:

99,6 prosent ja fra arbeidsgiverne i KS

Arbeidsgiverne har sagt et rungende ja til meklingsresultatet i KS-området. Les mer

...

Brudd i forhandlingene i private barnehager

Tarifforhandlingene mellom Private Barnehagers Landsforbund og Fagforbundet er brutt. Oppgjøret går til mekling etter sommerferien. Fagforbundet krever like vilkår for ansatte i private og i kommunale barnehager. Les mer

Kurs og stillinger

Ledige stillinger i offentlig sektor:

Andre fagblader på nett

KONTAKT

Besøk: Keysers gate 15 (4. etasje)
Post: Postboks 7003 St. Olavs plass, 0130 Oslo
Telefon: 23 06 40 00
Faks: 23 06 44 07
E-post: Redaksjonen

REDAKSJONEN

Ansvarlig redaktør: Kirsti Knudsen

REDAKTØRANSVAR

Fagbladet er medlem av
Den Norske Fagpresses Forening
og redigeres etter
Redaktørplakaten
Vær Varsom-plakaten og
Tekstreklame-plakaten

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.